FAKTA om Kulturskulerådet & «MishMash – Center for AI & Creativity»
Eige forskingssenter: Det finst eit nytt senter i Noreg som forskar på korleis kunstig intelligens (KI) og kreativitet kan hengja saman.
For barn og unge: Målet er å finna ut korleis KI kan gjera det endå gøyare å læra og vera kreative, til dømes i kulturskulen.
Kulturskulen er med: Jens Nyland frå Kulturskulerådet er med i prosjektet og skal hjelpa til å sjå korleis barn kan bruka KI på ein smart måte
– Kunstig intelligens (KI) kan gi barn nye idear og skaparglede. Samtidig må barn framleis få prøva, feila og skapa sjølv, seier Jens Nyland, rådgjevar i Kulturskulerådet.
Han meiner at det viktigaste er at barn og unge får læra om KI, snakka saman om kva som er bra og kvifor, og tenkja nøye over korleis det kan brukast.

– KI kan gi barn nye idear og skaparglede. Det kan vera som ein idévenn som hjelper deg å sjå ting på nye måtar, seier Jens. Samtidig må ikkje KI ta over oppgåver som hjernen bør øva på. Å prøva, feila, utforska og fullføra eigne idear gir den djupaste læringa. Det må barn og unge få trena på gjennom heile oppveksten, seier han.
Det skjer mykje nytt
Jens minner om at det skjer mykje nytt heile tida, og at det kan kome nye moglegheiter me ikkje har oppdaga enno.
– Utviklinga går veldig fort. Derfor er det viktig at barn og unge både er nysgjerrige og kanskje litt kritiske til alle moglegheitene som kjem.
Styrkar skapargleda
Jens jobbar som rådgjevar i Kulturskulerådet – dei som jobbar for kulturskulane i heile Noreg. Kulturskulerådet er med som partnar i «MishMash – Center for AI & Creativity», som nettopp har fått status som eit nasjonalt forskingssenter for kunstig intelligens.
– I kulturskulen skal barn få læra, skapa og visa fram det dei lagar. Derfor bør me òg utforska KI og andre nye verktøy som kan styrkja skapargleda til barn og unge, seier Jens.