Fluger på oppdrag langt ute i havet

Tenk deg små blomsterfluger som susar av garde – heilt til dei landar på ein oljerigg midt i Nordsjøen!

Forskarar vart overraska då dei oppdaga at mange norske blomsterfluger kvilte seg på ein britisk oljerigg langt ute i havet, skriv Ung.Forskning.no. Flugene hadde med seg gult støv frå blomstrar. Støvet blir kalla pollen.

Lange reiser

Forskarane fann at heile 92 prosent av flugene hadde pollen med seg. Pollen trengst for at plantar skal laga frø og frukt. Flugene hadde støv frå opptil 14 ulike plantar, mellom anna brennesle, svarthyll og mjødurt.

Mange av blomsterflugene kom truleg frå Noreg, Nederland, Tyskland eller Danmark – over 50 mil unna The Britannia-platform.

– Ved å fly over heile Europa, frå dei nordlege øyane og Noreg til Spania og Portugal, betyr desse trekkflugene sannsynlegvis mykje for både for menneske og for plantemangfald, seier Eva Jimenez-Guri, ein av forskarane bak studien, i ei pressemelding.

Blomsterflugene gjer ein kjempeviktig jobb. Dei spreier pollen mellom blomstrar, dei hjelper plantar å laga nye frø og frukt, og dei et små insekt som heiter bladlus, som elles kan skada plantane.