Elektrobutikkar har lagt merke til ein auke i sal av mobilar med tastar, også kalla «dumtelefonar». Det fortel dei til radiokanalen NRK Nyhende.
Foreldre vel å kjøpe desse mobilane til barna sine.
– Vi sel meir enn før, og vi sel meir til foreldre som vil ha enkle telefonar til barn, seier varehussjef i Elkjøp Stavanger, Andreas Vevatne i reportasjen til NRK.
Forelder Renate Petersen er ei av dei som ønskjer å vente med smarttelefon.
– Den enklaste grunnen er vel at eg tenkjer at [barna] ikkje treng meir skjerm, seier forelder Renate Petersen i radioinnslaget.
Det kan vere vanskeleg å ta det valet når dei fleste barna i klassen får smarttelefonar, så ho oppmodar om å finne reglar allereie i førsteklasse som alle foreldra kan vere med på.