Klokka 12 får mobilen din eit nødvarsel, men det er berre ein test

Ein test av nødvarselet blir sendt ut til alle mobilar i dag.

Mobilen din vil vibrere og spele av eit høgt lydsignal i om lag 10 sekund klokka 12 står det på nodvarsel.no. Du vil også få ein tekst på skjermen der det står at nødvarselet berre er ein test.

Samtidig som at politiet sender ut ein test av nødvarsel på mobil, vil Sivilforsvaret teste sirenene sine. Det vil seie at du kan høyre ein høg lyd ute.

Testen er lik den som blei gjort i juni 2023.

Viss du ikkje ønsker å få varsel, kan du skru av mobilen eller sette han i flymodus.

Grunnen til at nødvarselet blir sendt ut, er fordi politiet, Sivilforsvaret og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap vil teste at varslingssystemet fungerer. Dei testar at dei kan gi ein viktig beskjed til alle i Noreg samtidig.