Frårår å legge våt mobil i ris

Mobilprodusenten Apple kjem med nye råd for kva du skal gjere viss uhellet er ute.

Har du mista mobilen i vatn nokon gong? Då har du kanskje fått tips om å legge mobilen i ris etterpå. Risen skal visstnok trekke til seg vatnet frå mobilen.

Men no åtvarar Apple mot å gjere dette, melder BBC. Små delar av risen kan nemleg skade mobilen. Å bruke ein hårfønar er heller ikkje ein god ide, skriv Apple.

Så kva skal du gjere viss uhellet er ute?

Apple skriv at det beste er å legge mobilen ein tørr stad med litt gjennomtrekk til han tørkar av seg sjølv. Det kan ta alt frå 30 minutt til eit døgn.