Vanlege tenner kan ikkje reparera seg sjølve om dei blir øydelagde. Det ytste laget på tennene blir kalla emalje. Emaljen er det hardaste stoffet til kroppen, men han kan slitast ned av syre frå mat og drikke, eller av bakteriebelegg som heiter plakk.
Når emaljen er borte, kan tennene gjera veldig vondt.

Byggjeklossar
Vanleg tannkrem har fluor, som gjer emaljen sterkare. Men han kan ikkje laga ny emalje.
Derfor ville forskarar i London prøva noko nytt. Dei brukte keratin – eit protein som også finst i hår, hud, negler og ulla til sauen. Protein er byggjeklossane til kroppen.
– Keratin har ein struktur som kan hjelpa mineral til å danna emaljeliknande krystall, seier forskaren Sherif Elsharkawy til News for Kids.
Då dei blanda keratin frå ull med spytt, trekte det til seg mineral og laga eit lag som liknar ekte emalje.
Like sterkt
– Blandinga skapte eit materiale like sterkt som naturleg emalje, seier Elsharkawy.
Forskarane meiner denne metoden er tryggare enn dagens behandlingar, fordi han berre bruker naturlege ingrediensar.
– Det ser også mykje meir naturleg ut, seier Elsharkawy.
Dei håpar tannkremen kan bli selt i løpet av to–tre år. Kanskje blir den laga av saueull – eller til og med menneskehår, som ofte elles blir kasta.