Det er ikkje berre godteri som gjer at du får hol i tennene

Bakterier er òg med på å laga hol.

Forskarar har rekna ut at vi faktisk svelgjer rundt ti millionar bakteriar kvart minutt, skriv Ung.Forskning.no. Gode bakteriar i munnen hjelper til med å halda oss friske, fordi dei vernar oss mot farlege bakteriar.

Men alle bakteriane vi går rundt med i munnen, har dessverre òg ei dårleg side. Dei kan gjera at vi hol i tennene.

Ven seg til syra

Når sukker kjem inn i munnen, byrjar bakteriane å bryta ned sukkeret ved hjelp av ei syra som blir danna i munnen. Nokre bakteriar i munnane toler ikkje denne syra. Andre toler syra godt.

Problemet er at om du et godteri og søte matvarer ofte, så ven for mange av bakteriane seg til syra. Då kan det bli veldig mange bakteriar som toler syra godt – og veldig mange bakteriar som får herja fritt med tennene dine. Det kan enda med hol i tennene og tannverk.