Namn: Isabelle Grønneberg Ringnes
Alder: 37
Mental alder: 37 – eg fylte akkurat 37 år no, og merkar at eg har førebudd meg godt mentalt til det.
Aktuell med: TeknoMagi

Kven sende du din siste SMS til?
Mamma.
Kva stod der?
«Of course.» Ho ville ha ei signert «TeknoMagi» til barnebarna til ei veninne.
Kvar er du akkurat no?
På kontoret. September og oktober er høgsesong for meg – då jobbar eg nesten kvar helg!
Kva for ein historisk person kunne du tenkt deg å vere for ein dag?
Jesus. Det hadde jo vore ganske spesielt å sjå verda frå hans perspektiv i lys av kor mykje han har forma verda i etterkant – og få svar på nokre spørsmål!
Kva for ein kjendis kunne du tenkt deg å invitere på eit glas brus?
Jens Stoltenberg. Han har mykje å stri med akkurat no, og gjeve erfaringa hans i NATO skulle eg gjerne høyrd kva han eigentleg tenkjer om verdsbiletet slik det utviklar seg.
Kan du kome med ei bok som gjorde inntrykk på deg som barn, og kvifor?

«Are You There, God? It’s Me, Margaret» – fordi ho sette ord på mykje av det ein føler som ung. Og «Anne Franks dagbok» som lærte meg kor viktig det er å forstå historia.
Kva meiner du at ei god barnebok MÅ innehalde?
Ho må vere lett å lese, ha gode bilete og gjerne lære deg noko nytt – utan å miste leiken i det.
Fullfør setninga: Det beste med å lese ei bok er …
… at du gløymer tid og stad, og blir heilt borte i historia.
Kva tre barnebøker vil du anbefale?
«Are You There, God? It’s Me, Margaret» av Judy Blume.
«Love You Forever» av Robert Munsch, illustrert av Sheila McGraw – den får meg til å grine kvar gong eg les den for barna mine.
Tinashe Williamson si bok «Håndbok for unge antirasister», illustrert av Thea Jacobsen – utruleg viktig lesing for barn.
