Spania seier nei til Eurovision viss Israel får delta

Spania vil trekkja seg frå Eurovision om Israel får delta. Grunnen er krigen i Gaza.

Eurovision er ein av dei største songkonkurransane i verda. Kvart land vel ein artist eller ei gruppe som får synga éin song på ei gigantisk scene. Etterpå stemmer både publikum og juryar i dei ulike landa, og til slutt blir ein vinnar kåra.

Showet blir sendt på TV til millionar av menneske kvart år, og mange hugsar både dei rare kostyma, lysshowa og dei morosame innslaga.

Spania vil trekkja seg

No har Spania bestemt seg for å trekkja seg frå konkurransen dersom Israel får delta. Det var den spanske kringkastaren RTVE som vedtok dette. Spania er eitt av dei «fem store» landa i Eurovision, saman med Storbritannia, Italia, Frankrike og Tyskland. Desse fem landa slepp kvalifisering og får direktebillett til finalen.

Frå før har både Irland og Nederland sagt at dei ikkje vil vera med om Israel får delta. Grunnen er krigen i Gaza.