Norske lemen er eit av dei yngste pattedyra i verda

Visste du at det norske lemenet er eit av dei yngste pattedyra i heile verda? 

Forskarar har funne ut at arten berre er rundt 35 000 år gammal. Det er veldig ungt når me snakkar om dyr.

Når du går på tur i fjellet, kan du møta ein liten gnagar med flekkete pels. Det er det norske lemenet. Den er ikkje berre kjend for å vera hissig og modig, men òg for å vera ein heilt spesiell art.

Forskarar har undersøkt DNA frå både levande lemen og gamle restar, skriv Forskning.no. Då fann dei ut at lemenet skilde seg frå den sibirske lemenarten rett før den siste istida var på sitt kaldaste. Det betyr at det norske lemenet er eit av dei yngste pattedyra som finst på jorda.

Blir veldig sint

Lemenet har ein fargerik pels som gjer at den kan gøyma seg godt i fjellet. Men den er ikkje redd for å visa seg fram. I staden for å springa vekk, kan den bli veldig sint om du kjem for nær.

– Lemenet er eit av dei yngste pattedyra på jorda, seier forskar Karstein Håkonsson til Forskning.no.

– Det gjer den til eit heilt spesielt dyr å studera, legg han til.