Min haust: – I sommar bygde eg ein garasje til ATV-en min

Ernst (13) er klar for eit nytt skuleår. Han gler seg til friluftsliv, vurderer å starta med musikk – og brukar fritida på å bygga både garasje og elsykkel.

– Det gjekk fint å starta på skulen igjen etter ferien, seier Ernst Skarveland (13). Han går i 9. klasse på Husnes ungdomsskule i Kvinnherad kommune.

– Det var kjekt å treffa vennar igjen, og det var gøy å møta nye folk, spesielt 8.-klassingane. Eg likar å møta nye folk, smiler han.

Foto: Privat

Det aller beste med å vera tilbake på skulen er å treffa lærarane igjen, synest Ernst.

– Vegard og Lauren er veldig snille og greie. Eg har sakna å snakka med dei, fortel han.

Denne hausten ser han fram til friluftsliv som valfag. 

– Eg gler meg til turar og teltturar i Blådalen og i nærområdet, seier han.

Foto: Privat

På fritida vurderer han å starta med musikk.

– Kanskje gitar eller trommer på kulturskulen, men eg veit ikkje heilt. Ein ven har lært meg ein song på trommer, og då eg var yngre, spelte eg keyboard, fortel Ernst.

Han har nokre mål for skuleåret: 

– Gå fleire turar, trena meir, og så er det fint å jobba for å få litt høgare karakterar. Eg gler meg òg til å starta på teater igjen på kulturskulen. Og eg ser fram til å halda på med nye skodespel i året som kjem!

Etter skuletid likar han både å slappa av og å vera ute. 

– Eg likar å gå på tur eller bygga noko. I sommar bygde eg ferdig garasjen til ATV-en min. No held eg på å festa ein gamal el-sparkesykkelmotor på ein sykkel, for å laga meg ein elsykkel, fortel Ernst nøgd.

Foto: Privat