Kvifor skiftar blada farge om hausten? 

Har du lurt på kvifor blada blir gule, oransje og raude om hausten? Her får du svar frå naturforskar Joachim Töpper.

– Det korte svaret er ganske enkelt: Klorofyll, det grøne stoffet i bladet, forsvinn og dermed kjem fargane til dei andre stoffa i bladet tydelegare fram, fortel Joachim Töpper er forskar ved Norsk Institutt for Naturforskning

Men kvifor forsvinn klorofyllet?

– Klorofyllet «forsvinn» jo eigentleg ikkje. Lauvtre trekk det ut frå blada og inn i greiner, stamma og røtene kvar haust før blada fell av. Klorofyll er eit kostbar stoff som er veldig energikrevande for plantane å laga. Derfor er det fornuftig å lagra det gjennom vinteren.

SKJULTE FARGAR: Det gule eller oransje i blada er faktisk alltid til stades, også gjennom vår og sommar. Foto: Unsplash.com / Evelyn Mostrom

Kvifor fell blada av?

– Blada fell jo ikkje berre av heilt passivt av seg sjølv, heller. Trea fell dei med «vilje». Det har seg nemleg slik at plantar mistar ein heil del vatn gjennom blada. Ei stor bøk eller eik kan fint fordampa fleire hundre liter vatn på éin einaste dag. Om vinteren er vassopptaket gjennom røtene kraftig redusert og vassbalansen kan fort bli låg. Då vil treet tørka ut. Når kortare dagar og søkkande temperaturar viser at vinteren kjem, startar ein prosess i trea. Først blir kostbar stoff som klorofyll transportert inn i greiner og stamma, så blir overgangen forsegla mellom bladet og greina, slik at ikkje meir vatn forsvinn ut denne vegen. Og til slutt tar vinden blada, eitt og eitt.

Kvifor blir nokon blad gule, medan andre blir raude eller brune?

– Det gule eller oransje i blada er faktisk alltid til stades, også gjennom vår og sommar. Det er såkalla «karotenoider» som bidrar til fotosyntesen og vernar klorofyllet mot for mykje lys. Raudfargen derimot skuldast ein type stoff det blir meir av om hausten. Det heiter «antocyaniner». Og brune blad er ganske enkelt døyande.