Min haust: – Det blir gøy å læra nye ting

Pernille Markhus (10) dansar inn i den fargerike hausten og har planar om å teikna, spela skodespel, lesa og dansa meir enn nokon gong før.

For Pernille frå Sunde i Kvinnherand kommune var det kjekt å starta på skulen igjen etter sommarferien.

– Det var gøy å få møta vennar igjen, og det er gøy å læra nye ting, fortel ho.

Foto: Privat

Det beste med å vera tilbake på skulen er at ho ikkje treng å kjeda seg.

– Eg likar å læra ting, og å sleppa å sitja heime og kjeda meg, seier Pernille.

Når hausten kjem, legg ho ekstra godt merke til naturen rundt seg.

– Det kjekkaste med hausten er at det blir så fine fargar. Eg likar fargar, fortel ho.

Denne hausten har Pernille lyst til å prøva nokre nye fritidsaktivitetar.

– Eg har lyst til å begynna med ballett og skodespel, fortel ho.

Foto: Privat

Ho har laga seg nokre mål for det kommande skuleåret.

– Eg skal bli betre til å teikna, spela skodespel, dansa og lesa.

Og etter skuledagen veit ho godt kva ho likar best å gjera.

– Då likar eg best å slappa av, vera med vennar – og dansa!

Foto: Privat