Det er 120 579 elevar i 5.–7. klasse som har svara på spørsmåla til Ungdata junior si undersøking. Elevane svarar mykje positivt, men nokre ting skil seg ut.
Sterkt behov for å høyre til
– Det som kan vere det mest alvorlege temaet vi undersøkjer, handlar om mobbing, seier prosjektleiaren for Ungdata junior, Frøydis Enstad.
Av alle dei som svarte, seier 12 prosent at dei opplever mobbing. 12 prosent høyrest kanskje ikkje så mykje ut, men det betyr at 14 470 barn og unge i Noreg blir mobba fleire gongar i månaden.

– Kva er det som er skadeleg med mobbing?
– Vi veit at dei som mobbar eller blir mobba, kan få veldig alvorlege konsekvensar. Vi menneske er flokkdyr, så det er eit veldig sterkt behov å føle at vi høyrer til med dei vi er saman med, seier Frøydis.
I tillegg forklarar Frøydis at dei som opplever mobbing, har større sjanse for å få det vanskelegare seinare i livet.
– Dette er noko ein ber med seg, seier ho.
Grunnar til skilnaden i trivsel mellom jenter og gutar
Resultatet viser òg at gutar trivst betre enn jenter.
I rapporten står det at grunnen til dette, kan vere at jenter utviklar seg fortare enn gutar. I utviklinga vert ein meir kritiske, og då kan terskelen for trivsel bli høgare.
– Vi må nesten spørje barna om kva det er dei legg i «trivsel». Nokon vurderer livet sitt litt meir kritisk enn andre, og det gjer dei meir og meir av samstundes som dei vert eldre, seier Frøydis.
Jenter byrjar med sosiale medium tidlegare enn gutar.
– Kan det vere ein samanheng mellom trivsel og bruk av sosiale medium?
– Vi ser at det er litt fleire jenter som opplever negative hendingar på nett og mobil enn gutar gjer, seier Frøydis.
Veldig mange har gode vener
Trass i forskjellar, er det slik at funna i undersøkinga viser at det store fleirtalet trivst i livet sitt.
– Det tydelegaste hovudfunnet er at dei fleste barn i Noreg, dei har det bra. Fleirtalet seier at «livet mitt er bra», og at veldig mange har gode vener å vere saman med, både i friminutta og i fritida, seier Frøydis.
Ho fortel vidare at fleirtalet av barna, utan kjønnsforskjellar, har kryssa av på at dei likar å vere saman med foreldra sine, dei trivst på skulen og at dei føler seg trygge der dei bur.
– Alt dette er viktig for at barn og unge i Noreg skal ha det bra, seier Frøydis.