Arn sine favorittaktivitetar om sommaren
1. Trampoline leik/verda
Eg har eit forslag til folk som har det litt kjedelig om sommaren. Men eg har eit forslag: viss du ikkje har ei trampoline burde du skaffe deg ein (eg tvingar deg ikkje). Det er veldig gøy.
Eg har laga mitt eige univers. Og du treng berre ei lita klype fantasi for å lage di eiga verd inne i hovudet ditt.
2. Ljønes
Ljønes er ein liten, men koseleg plass litt unna Bodø. Det er der morsida av familien min kjem frå. Det er så stille at det er vanskeleg å få selskap.
Det er gøy å bade, vere med onklar og tanter, spele brettspel og reise til byen.
3. Slappe av.
Eg veit, litt kjedeleg, men her har du meg. Ligge i hengekøya og lese Donald er livet. Ete ein is, ha ingen planar på ei veke, er det ikkje det du vil ha?
Eg elskar å ha fri og eg håpar du likte tipsa mine.
Bye
Denne teksten var med i skrivekonkurransen Sommarfavorittar. Les om fleire sommarfavorittar her!