Snart kan du sjå rakettoppskyting og romfart på Netflix

Netflix har inngått ein avtale med NASA om å sende livesendingar på plattforma si.

Allereie i løpet av sumaren er planen at Netflix og NASA skal samarbeide om å direktesende film av NASA sine romoppdrag.

Her kan du bli med på romvandring, oppskytingar, og utforske den internasjonale romstasjonen. Du får òg bli vitne til ei fantastisk utsikt, ifølgje pressemeldinga.

Vil nå ut til eit større publikum

Kanalen heiter NASA+, og er tilgjengeleg for alle abonnement. NASA+ er noko som har blitt sendt på NASA sine heimesider og i appen deira. Det vil framleis vere tilgjengeleg der.

I pressemeldinga fortel dagleg leiar for NASA+, Rebecca Sirmons, at direktesendingar av romfart på Netflix vil vere ein god måte for NASA å nå ut til eit større publikum, og kan inspirere komande generasjonar.

På Netflix sine heimesider, promoterer dei samarbeidet med at no blir NASA tilgjengeleg i verdas mest kjende økosystem – stua di.