Talet på barnearbeidarar i 2024 var 138 millionar barn, ifølgje FN. Målet som FN sette, går snart ut.
Ein ny rapport frå FN sitt barnefond (UNICEF) og Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) syner at målet om å stoppe barnearbeid vil vere vanskeleg å oppnå.
I 2024 rapporterte FN om at nesten halvparten av dei dåverande 160 millionar barnearbeidarane var mellom 5 og 11 år. Talet er frå 2020, eit år som hadde ein auke i barnearbeid.
Sidan den gong har talet gått nedover, men ikkje fort nok til å nå målet om stopp.

Farleg arbeid
– Altfor mange barn held fram med arbeid i gruver, fabrikkar eller åkrar, og utfører ofte farleg arbeid for å overleve, seier administrerande direktør i UNICEF, Catherine Russell.
Barnearbeid er definert som eit arbeid som stoppar barn frå å ha ein barndom. Arbeidet er ofte farleg for helsa og utviklinga til barn.
Ifølgje rapporten til UNICEF og ILO, står 41 prosent av barnearbeidarane i farlege jobbar. Det vil seie 53,9 millionar barn jobbar under farlege vilkår.