Trass i den menneskelege måten KI (kunstig intelligens) skriv på, så er det altso slik at ChatGPT ikkje har kjensler.
Men kanskje er du oppdratt til å seie «takk» kvar gong du får hjelp? KI kan vere den einaste staden der det skadar å vere høfleg!
Til Ung Forskning forklarar forskar Signe Riemer-Sørensen at det å bruke ChatGPT krev veldig mykje energi. Ho er forskar på kunstig intelligens og maskinlæring ved Sintef.
Kvar gong du stiller eit spørsmål til ChatGPT, så er det store mengder data som skal bli prosessert på svært kort tid. For at datasentera ikkje skal bli for varme i denne høge hastigheita, brukar maskinene mykje vatn for å halde seg nedkjølte.
Brukar ti gongar så mykje energi som eit Google-søk
Faktisk brukar ChatGPT like mykje energi per dag som 33 000 hushaldningar i USA. Derfor kan det vere lurt å ikkje seie takk.
– Sjølv om du har ein menneskeleg samtale med han, så er han ikkje menneskeleg, og han har inga kjensler, seier Signe.
Vidare forklarar Signe til Ung Forskning at det er ein balanse som bør oppretthaldast. Å søkje i Google brukar ein del mindre energi. Faktisk krev ChatGPT ti gongar meir energi enn eit Google-søk gjer. Men dersom du må søkje mange gongar for å finne utav noko, så kan det vere betre å bruke ChatGPT.