Vil sende klokker til månen

Forskarar meiner at klokker bør plasserast på månen. Dette kan mellom anna gjere det mogleg å få eiga tidssone på jordas næraste nabo.

Månen
  • Månen er ei stor kule som beveger seg rundt jorda.
  • Månen bruker omtrent 27 dagar på ei runde rundt jorda.
  • Avstanden frå Jorda til Månen forandrar seg litt heile tida, men han er omtrent 380 000 kilometer.
  • Månen beveger seg fire centimeter frå jorda kvart år.
  • Månen er mindre enn jorda og overflata er berre stein.
  • Det er ikkje luft, flytande vatn, plantar eller dyr på Månen.

Kjelde: Lille norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Tida går med ulik hastigheit på ulike stader i verdsrommet. Dette gjeld også på månen. Der er nemleg døgnet 56 mikrosekund kortare enn på jorda.

No vil romforskarar sende klokker på månen for å kunne gjere meir nøyaktige berekningar, melder CNN.

Dette vil gjere det mogleg å lage ei eiga tidssone for månen. I tillegg vil det leggje grunnlaget for ein heilt eigen tidsskala som skal gjelde på himmellekamen.

Ein slik tidsskala inneber eit målesystem der det er teke høgd for at sekunda går litt fortare på månen enn på jorda.

Planane for korleis dette systemet skal lagast, skal vere klare innan 31. desember, ifølgje NASA. Sjølve systemet skal vere klart i løpet av 2026.