Barnebokforfattar Joseph blei aldri lesen for som barn

Joseph S. S. Ampofo har skrive bok om ein familie på flukt frå krig, som fann eit samlingspunkt i høgtlesing. Her svarer han på korleis hans eige forhold til lesing var som barn.

Joseph S. S. Ampofo

Alder: 38 år

Frå: Oslo

Yrke: Produktutviklar på dagtid, forfattar på kveldstid

Kor mykje les du? Omtrent fire bøker i året

Kva bøker les du helst? Fantasy, fantasy … ja, sa eg fantasy?

Kvar les du? På t-bana og i senga

 

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Joseph var veldig glad i bøker som barn. Han blei rett nok ikkje lesen høgt for, men las sjølv.

– Eg var glad i å lese fordi eg kunne forsvinne inn i mange fantastiske og spennande verder, seier Joseph i ein e-post.

For at Joseph skulle ha lyst til å lese ei bok som barn, var det nokre eigenskapar ho måtte ha.

– Eit bra cover, ein hyggeleg eller inspirerande hovudperson – og fantasy-element.

Foto: Bonnier Norsk Forlag / TNT Forlag

Fantasy og følelsar

Fantasy-bøker har nemleg alltid vore ein sikker vinnar hos Joseph. Som barn var han mellom anna glad i Conan the Barbarian av Robert De La Torre – fantasibøker om den største krigaren gjennom tidene.

– Det var favoritten på grunn av hovudpersonen sitt pågangsmot.

Men det er ikkje berre fantasi som måtte til for at Joseph skulle tykkje ei bok er god. Ifølgje han er ei god bok, ei bok som ikkje berre får deg til å føle, men også til å tenkje.

FØLELSAR: Bøkene om Pippi Langstrømpe fekk Joseph til å le, mens Matilda gjorde han sint. – Eg hata rektoren, fortel Joseph. Omslag: Cappelen Damm

Finn leselyst med konkurranse

Joseph har eit kreativt råd til barn og unge som ønskjer å få meir leselyst.

– Les saman med foreldra dine. Kjøp (eller lån) to eksemplar av same bok og les likt med ein tidsfrist, tipsar han.

Joseph oppmodar til at de etterpå lagar 15 spørsmål kvar, om boka, som de stiller kvarandre. Den som får færrast rett og tapar må bli med å sjå ein film som vinnaren vel.

– Eller bli med å finne på noko anna gøy saman.