1Transpersonar har fått færre rettar
Mellom anna får ikkje transpersonar vere i militære. Det blir i tillegg jobba for å forsøke og nekte transpersonar i å delta i kvinneidrett. Trump har også kutta eller frose støtte til organisasjonar og utdanningsstadar som støttar transpersonar sine rettar, slik som til dømes Harvard Universitet. HER kan du lese meir om kva det vil seie å vere transperson.
2Grensekontroll har blitt stramma inn
Grensekontroll er mellom anna kontroll på menneske som reiser/flytter/flyktar mellom land. Det er no rekordlåge tal på menneske som passerer grensa mellom Mexico og USA ulovleg. Samstundes har fleire tusen ulovlege innvandrarar blitt kasta ut av landet i løpet av dei siste 100 dagane. Likevel ligg Trump bak antalet ulovlege flyktningar Biden kasta ut i løpet av dei 100 første dagane sine som president.
3USA har teke avstand frå Europa
I eit møte i Nato tidlegare i år sa Trump at Europa må forsvare seg meir åleine framover. Det har resultert i at europeiske land mellom anna har lagt ein plan for å skaffe 800 milliardar euro for og i større grad forsvare seg sjølve, utan hjelp frå USA. HER kan du lese meir om Nato.
4Kutt i naudhjelp
Den amerikanske organisasjonen USAID har tidlegare stått for 40 prosent av bistand i verda, men no står han i fare for å bli lagt ned. Dei store kutta USA har gjort i naudhjelp, har fått alvorlege følgjer for nokre av verdas fattigaste menneske, som ikkje lenger får den hjelpa og støtta dei treng.
5Tollmurar har blitt bygd opp
Trump vil gjere USA meir sjølvstendige når det kjem til produksjon av varer. Difor har han auka tollen på varer frå andre land. Det vil seie at det blir dyrare for produsentar i andre land å selje varene sine i USA. Dette kan føre til at prisar på varer og tenester kringom verda aukar. Les meir om handelskrigen Trump starta tidlegare i år, HER.
Kjelde: NRK.no