Forvaring er den strengaste straffa i Noreg, og forvaringsdømte slepp ikkje ut frå fengsel før domstolen vurderer at personen ikkje lenger er ein fare for samfunnet.
Dei får rett nok permisjon. Det vil seie at dei får dra ut frå fengsel i korte periodar. No vil Regjeringa innføre ei lov om at forvaringsdømte må bruke fotlenke i desse periodane, skriv NRK.
Fotlenkene er elektroniske og gjer at den forvaringsdømte kan sporast under permisjonen.