Synne Vo får dialektpris

Årleg deler Norsk Målungdom ut ein dialektpris til ein offentleg person som er ei dialektførebilete for unge. No mottek artisten Synne Vo prisen.

Tidlegare vinnarar av dialektprisen

2023: Odd Nordstoga og Ingebjørg Bratlandartistar

2022: Karsten Warholmfriidrettsutøvar

2021: Kjartan Lauritzenartist

2020: Victor SotbergYoutubar og programleiar

2019: Helsesista (Tale Maria Krohn Engvik)Some-personlegdom

Kjelde: Norsk Målungdom

LES FAKTALUKK FAKTA

– Synne Vo har blitt populær dei siste åra med fengande låtar på gudbrandsdøl. Ho lagar musikk som treffer unge og er med på å assosiere innlandsdialekt med popkultur og nyskaping, uttalar leiar i Norsk Målungdom Sebastian Vinsent Natvik i ei pressemelding.

Synne Vorkinn, kjent under artistnamnet Synne Vo, får Dialektprisen for 2024 under landsmøtet til Norsk Målungdom.

Synne Vo gav i fjor ut debutalbumet Kanskje det går te helvete. Tidlegare i år fekk ho mykje merksemd for låten Du ska få en dag i mårgå, som er ein versjon av Alf Prøysen sin folkekjære song.

Sebastian Vinsent Natvik er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Norsk Målungdom

Målungdommen synest det er stas å kunne gje prisen til eit ungt førebilete som er på veg opp.

– Musikk er ein utruleg viktig kanal for å formidle kultur og identitet, og dette gjer Synne på strålande vis ved å kombinere det bygdenostalgiske og heimekjære med ei universell oppleving av å vere ung og svolten på livet, meiner Natvik.