Feirar Donald-jubileum med dialekter

Donald Duck er 90 år i år. Det blir feira i Noreg med eigne utgåver av bladet på dialekt. Prosjektet blir kalla «Heile Noreg kvakkar».

– Eg elskar Donald og har abonnert på blada sidan før eg kunne lese, så eg har ei stappfull hylle med permar.

Det seier programleiar og youtubar Christopher Robin Omdahl. Han er ein av fleire kjendisar som har omsett eit Donald-blad til si dialekt.

Overraskande vanskeleg

Christopher snakkar sørlandsdialekt. I det første Donald-bladet som kom i år, snakka derfor Donald sørlandsk.

– Det var overraskande vanskeleg å omsette Donald til sørlandsk. Då eg var barn, skreiv eg ofte på dialekt, noko eg fekk beskjed frå dei vaksne om at eg ikkje måtte gjere. Så det er veldig lenge sidan eg har gjort det, seier han.

Gode tilbakemeldingar

Christopher syntest det var stas å få gi Donald dialekta si.

– Eg vaks opp i ei tid då det var lite plass til dialekter i media, så dette hadde eg aldri i min villaste fantasi sett for meg, seier Christopher.

Han hadde mange sørlandsuttrykk han ønskte å få med, mellom anna «sava». Det er eit kraftuttrykk som kan bli brukt for å uttrykke sinne eller smerte.

Etter at bladet kom i butikken, har han fått gode tilbakemeldingar på sørlandsdialekta til Donald.

– Mine medsørlendingar er stolte!

DONALD PÅ SØRLANDSK: Slik såg det ut i bladet då Donald snakka sørlandsk. Foto: Disney

Ville feire Donald med dialekt

– Språk har alltid vore ein viktig del av Donald-bladet og historiene våre, seier redaktøren for Donald Duck & co i Noreg, Marius Horn Molaug.

– Både godt språk og leik med språk er noko vi er opptatt av. Vi vil vise store og små at språket vårt kan vere både fantasifullt, leikent og gøy!

Dei ønskte å markere Donald sin 90-årsdag ved å bringe han heim til det norske folk på dialekta dei snakkar.

– Vi tenker Donald på dialekt gir ein ny og fin nærleik til Donald-universet, fortel Marius.

Fleire dialekter i løpet av året

Det er ikkje berre Noreg som har hatt dialektprosjekt for Donald-blada. Både Tyskland og Finland har tidlegare omsett Donald-historier til ulike dialekter.

Donald-redaksjonen i Noreg har valt ut ulike kjendisar som skal omsette dei norske utgåvene i år.

– Vi har kontakta omsettarar som både er morosame, språkleg sterke, har ei tydeleg dialekt, og sjølvsagt viktigast: er superglade i Donald! seier Marius.

I løpet av året kjem det utgåver på 8 dialekter og på nord-samisk. I tillegg til sørlandsk, vil Donald snakke bergensk, trøndersk, Fredrikstad-dialekt, gudbrandsdøl, hedmarking, vinjemål og jærsk.