Karsten Warholm får Dialektprisen 2022

Hekkeløparen frå Sunnmøre får prisen for å vere ein stolt ambassadør for dialekta si.

– Han er ikkje berre verdsmeister i hekk, men òg i dialekt.

Det uttalar leiaren i Norsk Målungdom, Tobias Christensen Eikeland, i ei pressemelding. Kvart år kårar Målungdomen eit dialektføredøme for ungdom.

Tobias Christensen Eikeland er leiar i Norsk Målungdom. Foto: Norsk Målungdom

Warholm får prisen for å vere ein stolt ambassadør for dialekta si, heiter det i grunngjevinga frå juryen. Han blir rekna som ein av Noregs største idrettsutøvarar, og har henta heim både EM-, VM- og OL-medaljar.

Prisen har tidlegare gått til mellom andre YouTube- og TV-profil Victor Sotberg og artist Per Áki Sigurdsson Kvikne, betre kjend som Kjartan Lauritzen.

Her kan du sjå lista over tidlegare vinnarar av Dialektprisen!

– Ein del av identiteten min

– For meg er det naturleg å halde på dialekta mi, sjølv om eg har flytta frå Ulsteinvik og Sunnmøre, fortel Karsten Warholm i pressemeldinga.

OL-vinnaren har flytta til Oslo, og har vunne meisterskap verda over, men har ikkje lagt frå seg sunnmørsdialekta av den grunn.

Karsten Warholm frå Ulsteinvik får Dialektprisen 2022. Foto: Jógvan Helge Gardar / Norsk Målungdom.

– Det er ein del av identiteten min, og eg finn det naturleg å snakke slik eg alltid har snakka, sjølv om eg har flytta til ein annan kant av landet, seier Warholm.

Hekkeløparen innrømmer likevel at det ikkje alltid er like enkelt å halde på dei mest typiske dialektorda, for det er ikkje alltid han blir forstått utanfor heimplassen.

– Men eg tør påstå at dei fleste dialektorda har eg framleis i vokabularet mitt.