Tyrefekting
Tyrefekting er ein kamp mellom oksar og tyrefektarar/matadorar (menn). Desse kampane er meint som underhaldning og er utbreidd i Spania, Portugal, Sør-Frankrike og Mexico.
Verdas største arena for tyrefekting Plaza México ligg i Mexico City. Fram til no har tyrefektinga gått føre seg på tradisjonelt vis her, noko som inneber at vald blir utført på oksane.
No skal tradisjonen endrast og tyrefektinga skal skje på ein meir dyrevennleg måte, skriv The Guardian.
Avgjerda er støtta av Mexicos president Claudia Sheinbaum.

Feirar endringa
Tradisjonell tyrefekting inneber tyrefektaren skadar oksane med spyd og sverd, og til slutt drep dei. Frå no vil det berre vere lov å nytte ei raud kappe i tyrefektinga. Kampane skal maksimalt vare i 15 minutt og oksane skal ikkje lenger bli drepne i slutten av kampen.
Avgjerda om endringa i tyrefektingtradisjonen blir no feira blant dyrevelferdsaktivistar. Dei har lenge kjempa for å forby tyrefekting totalt, men er glade for forbodet, som dei meiner er eit steg i rett retning for dyra sitt beste.
