Blinkskot frå verda denne helga

Her kan du sjå fire bilde som viser kva nokre barn gjorde på i Mexico, USA, India og Kypros denne helga.

MEXICO:

Foto: AP Photo / Gregory Bull

Tre barn leikar ved grensemuren som skil Mexico og USA. Dei vassar i Stillehavet i Tijuana som ligg i Mexico. USA har sett opp det lange gjerdet som er heile 1 077 kilometer langt. Det går gjennom statane Texas, New Mexico, Arizona og California. Formålet med gjerdet er å hindra at folk kjem ulovleg inn i USA. Det er laga for å stoppa problem som menneskehandel (det betyr at folk blir tvinga til å gjera ting dei ikkje vil), smugling av våpen og narkotika, og for å hindra at for mange menneske prøver å komma til USA for å få jobb. Men for mange menneske som bur i Mexico og prøver å skapa eit liv der, kan gjerdet gjera livet vanskeleg (Kjelder: Snl.no / Wikipedia)

USA:

Foto: AP Photo / Jae C. Hong

Alyson Granaderos og barna hennar, Ceiba Phillips (til høgre) og Quoia klemmer kvarandre medan barna besøkjer heimen deira for første gong sidan brannen i Altadena, California. Eaton-brannen var ein av fleire svært øydeleggjande skogbrannar i California. Brannen starta om kvelden 7. januar 2025, i Eaton Canyon i San Gabriel-fjella, og vart drive av kraftige vindar inn mot mellom anna Altadena. Brannen drap minst 17 menneske og øydela meir enn 9000 bygningar. (Kjelde: Wikipedia / Dagbladet)

INDIA:

Foto: AP Photo / Rajanish Kakade

Indiske barn trenar batting på ein cricket-trenarleir i Mumbai i India. Batting i cricket betyr at ein spelar bruker eit bat (ei slags stor kølle) til å treffa ballen som blir kasta mot han av ein motspelar. Målet er å treffa ballen så godt at han flyg langt unna, og spelaren kan springa fram og tilbake mellom to punkt for å skåra poeng. Jo fleire gonger spelaren klarer å springa fram og tilbake utan å bli teken, jo fleire poeng får laget sitt. (Kjelde: Wikipedia)

KYPROS:

Foto: AP Photo/Petros Karadjias

Barn iført karnevalskostyme deltok i ein tradisjonell karnevalsparade i Nicosia på øya Kypros søndag 23. februar. Under karnevalssesongen blir heile øya fylt med maskeradefestar, konfetti, musikk og song. Ettersom det signaliserer vår og påske, er karnevalet ei kjær tid for kypriotar. (Kjelde: Cyprus Mail)