Towana Looney er det første mennesket i verda som har overlevd i over to månader med ei nyre frå ein gris i kroppen.
53 år gamle Looney hadde behov for ein nyretransplantasjon, og ho hadde stått på venteliste i nesten åtte år. Det såg ut som om det kom til å gå lang tid før ho ville komme fram i køen.
Ho ville difor prøve ei uvanleg løysing.
Forskarar har eksperimentert med å bruke organ frå grisar i transplantasjonar. Fire andre menneske i USA har fått nyrer eller hjarte frå gris operert inn i kroppen. Men ingen av desse levde lengre enn to månader etter transplantasjonen.
Når Towana Looney no altså har levd i godt over to månader med ei ny nyre frå ein gris, har ho sett ein ny rekord. Og ho fortel at ho kjenner seg sprek og sterk med den nye nyra.
– Eg er ei superkvinne, seier Looney til nyheitsbyrået AP.
Organa som vert overførte frå grisar, er genmodifiserte. Det tyder at forskarar har endra på genene slik at dei skal likne meir på organa til menneske.