Elon Musk saksøkjer Lego

Elon Musk eig nettsida X. No saksøkjer han Lego og fleire andre store selskap. Grunnen er at han meiner dei ikkje vil bruke X til reklame lenger, og at det er ulovleg.

Når ein saksøkjer nokon, betyr det at ein går til ein domstol for å få dei til å bestemme kva som er rett.

Selskap som Lego, Nestlé (som lagar sjokolade og mat), Colgate-Palmolive (som lagar tannkrem og såpe) og Shell (eit oljeselskap) har alle blitt ein del av saka no.

LEGO: Det var Ole Kirk Christiansen, ein fattig snikkar frå Billund i Danmark, som fann opp lego. Det heile byrja i 1920-åra som treleiker, men i 1940-åra kom plastleikene på marknaden. Foto: Pixabay

Slutta å kjøpe reklame

Saka byrja fordi 18 bedrifter slutta å kjøpe reklameplass på X etter at Elon Musk kjøpte nettsida i 2022. Dei var alle med i ein organisasjon som heiter Global Alliance for Responsible Media (GARM).

Elon Musk meiner desse bedriftene gjorde noko feil når dei slutta å bruke X til reklame. Domstolen skal no finne ut om han har rett.