Reklameplakatar som luktar mat frå McDonald’s

I Nederland har McDonald's laga reklameplakatar med lukt for å få fleire kundar inn i restauranten.

Den nye typen reklameplakatar luktar mat når du går forbi, skriv Tek.no. McDonald’s hevdar at «du kan sjå unna, men du kan ikkje lukta deg unna.» Dei er også så sikre på at folk vil kjenne att lukta, at dei har valgt å laga reklameplakatane einsfarga gule eller raude. Ingen logo, ingen tekst – berre lukt.

Ekte mat i plakaten

Reklameplakatane må «ladast» med mat frå restauranten for at lukta skal kunna spreia seg. Dermed blir mat sett inn i sjølve skiltet, for at lukta skal bli sendt vidare ut via eigne lukteluker.

Om dei nye plakatane kjem til Noreg er uvisst.

Kva tenkjer du om reklameplakatar med lukt?

Kva tenkjer du om reklameplakatar med lukt?

Kult!30
Dumt!13
Veit ikkje.5
Svar totalt: 48