Fakta om Grønland:
- Grønland er eit sjølvstyrt land og ein del av Danmark.
- Grønland er verdas største øy.
- Øya ligg i det nordlege Atlanterhavet, med størstedelen av arealet nord for polarsirkelen.
- Naturgeografisk er Grønland ein del av Nord-Amerika og politisk ein del av Europa.
- Grønlands areal er 5,7 gonger større enn Fastlands-Noreg. Cirka 81 prosent av arealet er dekt av is heile året.
- Grønland har Jordas nest største innlandsis.
- Hovudstaden er Nuuk/Godthåb.
- Grønlands nasjonalsong er «Nuna asiilasooq» som tyder «Det lange landet»
LES FAKTALUKK FAKTA
Ei ny meiningsmåling viser at 85 prosent av grønlendarane seier nei til å forlate Danmark og bli ein del av USA. Berre 6 prosent svarar ja, medan resten ikkje har bestemt seg.
Undersøkinga vart gjort av forskarfirmaet Verian for den danske avisa Berlingske og den grønlandske avisa Sermitsiaq.
Ikkje til sals
Grønland er ein del av det såkalla «rigsfællesskabet» (Danmark, Færøyane, Grønland) og har sidan 1979 hatt sjølvstyre.
Mette Frederiksen, Danmarks statsminister, seier at Grønland ikkje er til sals.