Fakta om Sudan og Sør-Sudan
- Sør-Sudan vart ein uavhengig stat i 2011 då det lausreiv seg frå Sudan. Det som vart Sør-Sudan utgjorde rundt ein tredel av Sudans territorium.
- Delinga av Sudan kom etter ein borgarkrig mellom styresmaktene i nord og frigjeringsrørsla i sør, ein borgarkrig som varte frå 1983 til 2005.
- Det var den lengste samanhengande borgarkrigen i Afrikas historie.
Krigen mellom den sudanske hæren og paramilitære Rapid Support Forces braut ut i april 2023. Paramilitære grupper er sivile menneske som er opplært, trena og organisert på militært vis.
Borgarkrigen mellom den sudanske hæren og Rapid Support Forces har skapt den største flyktningkatastrofen i verda. Fleire titusen har vorte drepne, og over 14 millionar er fordrivne frå heimane sine. Nærare 25 millionar menneske er trua av svolt, ifølgje FN.
Mange må flykte igjen
Dei fleste flyktningane kjem via grensa ved Joda. Fleire av dei er eigentleg frå Sør-Sudan, men hadde flykta til Sudan under ein tidlegare krig. No må dei flykte tilbake.
– Befolkninga i Sør-Sudan held fram med å visa ein ekstraordinær sjenerøsitet. Dei ønskjer menneska i naud velkommen og delar det vesle dei har, men dei kan ikkje ta ansvar for dette åleine, seier Sana Abdalla Omer i UNHCR til NRK.
Det var NTB som fyrst omtala saka.