Viral video viser krokodille med menneskeliknande åtferd

Den siste tida har ein viral video ført til teoriar om at krokodillar i Indonesia latar som dei druknar for å lokke til seg menneske. No forklarar ein ekspert kva som truleg faktisk skjer i videoen.

Saltvasskrokodille
  • Verdas største nolevande krokodilleart.
  • Verdas største nolevande krypdyr.
  • Blir opp til 6,3 meter lang
  • Arten finst i India, Søraust-Asia, Nord-Australia og Fiji.
  • Held til langs sumper, elver og innsjøar, men kan også bu i nærleiken av saltvatn og brakkvatn.
  • Et nesten alt han kjem over – frå fisk til større pattedyr.
  • Kvart år blir menneske skada eller drepne av saltvasskrokodiller.

Kjelde: Store norske leksikon

 

LES FAKTALUKK FAKTA

Videoen som nyleg har blitt spreidd i sosiale medium skal etter seiande vise ei saltvasskrokodille i elva Barito i Indonesia. Krokodilla er under vatn, men strekkjer hendene opp og vinkar, så det nærast ser ut som han treng hjelp.

Videoen har ført til teoriar om at krokodillane i dette området har lært seg korleis dei kan late som at dei druknar for å lure menneske ut i vatnet, skriv LADbible.

No har den australske krokodilleeksperten Brandon Sideleau kommentert den skremmande teorien.

Naturleg forklaring

Forskaren kan fortelje at krokodiller er mykje smartare enn folk trur, men dei er ikkje så intelligente at dei klarer å etterlikne menneske som druknar.

Forskaren trur det er ei naturleg, mindre skremmande forklaring på åtferda til krokodilla i videoen.

– Eg trur krokodilla har eit bytte i munnen, seier Sideleau til LADbible.

SALTVASSKROKODILLE: Denne krokodillearten er den største i verda. Foto: Wikimedia Commons

Fleire moglege årsaker

Når saltvasskrokodillar har mat i munnen kan ein sjå åtferd av typen som på videoen; at krokodilla på ein måte rullar rundt under vatn med hendene strekte opp i vêret.

Forskaren påpeiker at åtferda til krokodilla òg kan ha ein nevrologisk forklaring – at det er noko gale med nervesystemet til krokodilla.