1 million nordmenn får (snart) rennande auge

Når snø og is forsvinn er det igjen tid for at naturen spirar og gror. Og med det følgjer pollen. Til glede for dei som ikkje er allergiske, og til fortviling for dei som ikkje toler dette.

Bjørk, or og hassel, ulike typar gras og burot er typiske vekstar som mange er allergiske mot. Symptom er rennande nase og auge, og ein kan kjenne seg trøytt og uopplagt. Rundt 1 million nordmenn har pollenallergi.

Råd mot pollenallergi

  • Ta medisin i tide etter råd frå lege. Start før symptomane vert for sterke.
  • Ta medisin regelmessig
  • Vis omsyn til fysisk aktivitet.
  • Vask ansikt og hender – skyll hår og skift putevar før leggetid.
  • Luft huset/soverom på kveldstid eller natt – då er det minst pollen i lufta.

(Kjelde: Pollenvarslingen.no)