Pollenallergikarar kjem til å merke dette

Fjorårets supervarme fekk bjørk, or og hassel til å bygge opp store lager av pollen.

Normalt startar pollensessongen i byrjinga av mars, men i år kjem han rundt to veker tidlegare.

Symptom er rennande nase og auge, og ein kan kjenne seg trøytt og uopplagt. Rundt 1 million nordmenn har pollenallergi.

Råd mot pollenallergi

  • Ta medisin i tide etter råd frå lege. Start før symptomane vert for sterke.
  • Ta medisin regelmessig
  • Vis omsyn til fysisk aktivitet.
  • Vask ansikt og hender – skyll hår og skift putevar før leggetid.
  • Luft huset/soverom på kveldstid eller natt – då er det minst pollen i lufta.

(Kjelde: Pollenvarslingen.no)