Ein av dei siste overlevande frå Holocaust er død

Maria «Mitzi» Gabrielsen, ein av dei siste norske overlevande frå Holocaust, døydde brått 4. januar, 91 år gammal. 

Maria vart fødd i Wien i 1934 og overlevde konsentrasjonsleiren Theresienstadt saman med søskena sine under andre verdskrigen. Seinare flytta ho til Norge og levde resten av livet i Sandefjord. Maria reiste rundt som tidsvitne og delte si sterke historie fra Holocaust, skriv NRK.

Holocaust er forfølginga til nazistane og drap på jødar under andre verdskrigen. Holocaust var eit folkemord. Det betyr å drepa alle som tilhøyrer ei bestemd folkegruppe eller religion.

Mellom 1938 og 1945 vart meir enn seks millionar jødar drepne av nazistane.

(Kjelde: Lille norske leksikon)