Dyrehage tek imot gamle juletre for å glede dyra

Ein dyrehage i England har bede folk om å donere dei gamle juletrea sine etter jul.

Dyrehagen Noah’s Ark Zoo Farm i Somerset i England, vil ha inn gamle juletre som kan vere til glede for dyra.

Nokre av trea blir brukte til å lage ein liten skog som elefantane i dyrehagen kan utforske. Elefantane likar også å ete greinene og kaste trea rundt.

Andre tre vil bli gjorde om til flis som brillebjørnane kan lukte på, eller som nashorna kan grave i.

Elefantane i Noah’s Ark-dyrehagen i England likar å utforske i skogen av gamle juletre.

Dyrehagen har teke imot gamle juletre sidan 2021. I fjor vart det donert rundt 3000 juletre.

– Trea har ein verkeleg verdi for dyrehagen og for dyra, seier Chris Wilkinson til BBC. Han jobbar i dyrehagen.

Nashorna i dyrehagen likar å grave i treflis som er laga av gamle juletre.