Her kan du sjå korleis ti barn og ungdomar i Volda på Sunnmøre kosar seg i adventstida.
Jesper Sjåstad Åsebø (10)
– Eg har laga ein teikneseriekalender til heile familien. Vi har også tre skrapekalendrar der ein kan vinne ting. Sjølv har eg fått ei sjokoladeplate med 24 ruter, der eg kan ete ei kvar dag. 1. desember baker vi peparkaker hjå farmor. Vi har julelys rundt inngangen, og stjerner i mange vindauge, helst alle. Vi har minijuletre på to rom. Vi ser på 24 stjerners julekalender, og eg har også tenkt å sjå The Julekalender. Den såg eg i fjor også.
Hedda Gravdal Stensø (10)
– Eg har tre forskjellige kalendrar: Ein pakkekalender mamma har laga til oss tre søskena, og der får vi alltid godteri eller ein ting og ein aktivitet vi skal gjere den dagen. Eg har også ein speidarkalender eg skrapar kvar dag for å sjå om eg vinn, og ein sjokoladekalender som eg fekk av pappa. Vi har også ein kalender laga av fyrstikkesker som vi og ein annan familie gir kvarandre annakvart år. I tillegg har vi ein rampenisse som gjer mykje forskjellig. I dag bytta han ut dopapiret med juledopapir.
Tian Gravdal Stensø (13)
– Eg er storebroren til Hedda og har dei same kalendrane. Eg synest det er veldig kjekt å opne dei. Eg liker å sjå 24 stjerners julekalender.
Håvard Lexerød Hovlid (14)
– Det beste med advent er å ha ein kalender. Det gir ein motivasjon til å stå opp om morgonen. Eg har ein godterikalender der eg får eitt eller anna kvar dag. Det kan vere mentos, tyggis eller noko anna. Snickers er det beste eg får. Vi har ikkje ein rampenisse, men ein rampeelg. Men eg veit ikkje heilt kva han gjer, for han er mest for veslesøstera mi og eg gjer meg ofte klar for skulen når ho leitar etter elgen. I advent lagar vi mange forskjellige julekaker, som Sarah Bernard, peparkaker, julemenn og rispuffar.
Live Solheim Rønningen (10)
– Eg og broren min deler ein forskar-kalender. Der får vi ein ting kvar dag og det følgjer med ein video på telefonen til foreldra mine, så vi ser kva vi skal gjere med tingen. Kalenderen er veldig fin, men eg får ikkje heilt julestemning av han. Vi har ein rampenisse. I dag gav han oss ein Peppa Gris-kalender og sa det var favorittprogrammet vårt, men det er ikkje sant. Det kjekkaste han har gjort, er å tøme den store bestikkskuffa vår og fylle ho med godteri. Vi ser på Jul i Svingen på skulen, og det ser eg litt på heime også. Vi pyntar med stjerne i vindauga, adventslys og lilla dukar. Eg synest kalender, rampenissen og julaftan er det kjekkaste med advent.
Oskar Finsådal Drabløs (13)
– Vi pyntar med lys ute på garasjen og verandaen, og stjerner inne i vindauga. Vi tre søskena har ein pakkekalender på deling. Han heng på eit juletre som pappa har laga. I pakkekalenderen får vi av og til beskjed om å bake eller gå ein tur, og nokre gonger får vi noko. Det beste er når vi får ein liten pakke. I vindaugskarmen like ved, står nokre kalendrar der vi får godteri. Å sjå julekalender på TV om kvelden er det kjekkaste med advent. Vi ser 24 stjerners julekalender.
Mathilde Finsådal Drabløs (10)
– Det er så koseleg med advent og det beste er julaftan, adventskalender, å sjå julekalender og å ha juleferie. Vi bakar veldig mykje: Peparkaker, julemenn, ingefærnøtter, sandnøtter, smarties-kjeks, cookies og endå meir. Eg er veldig glad i 13. desember, for då et vi lussekattar og går i Lucia-tog. Oskar er storebroren min og fortalde om familie-kalendrane våre. Eg har også speidarkalender og Donald-kalender. Der står det eit spørsmål i kvar luke, og eg kan sende inn svaret. Om eg vinn, får eg ein premie i posten. Det kan vere Lego eller kosebamsar.
Og til sist vil vi tre som har skrive denne saka fortelje om våre adventstradisjonar.
Olav Solheim Thomassen (10)
– Vi har rampenisse. Han gjer ulike ting. I dag steikte han godterispeilegg til oss. Eg liker når han tømmer heile leikekassa med dyr og dinosaurar, og fordeler dei rundtom i huset. I tillegg deler eg og bror min ein kalender der vi byttar på å stikke handa nedi ei lomme for å plukke opp det som ligg nedi. Der er det ein sjokolade og ein ny del kvar dag til ein pynteskog som vi bygger i løpet av advent. Kvart år liker eg å sjå på Jul i svingen.
Jakob Brandsæter (10)
– Eg har ein pakkekalender i ei hylle i stova saman med søstrene mine. I posane bruker det å vere enten tre peparkaker eller godteri. Nokre dagar står det ein lapp med noko kjekt vi skal gjere, som å gå i skogen eller bake peparkaker. Vi tenner lys kvar dag. Vi liker også å ha juleverkstad. Eg ser av og til på julebarne-TV, og eg ser 24 stjerners julekalender kvar dag. På bildet står eg saman med veslesøster Ylva.
Georg Fagna-Breivik (10)
– Vi har kalenderlys på bordet og to stjerner i vindauga. Eg og søstera mi får kvar sin pakkekalender med små gåver i. Vi har ein aktivitetskalender med 24 fyrstikkesker der det ligg ein liten lapp med ein aktivitet. Der står det for eksempel at vi skal ete frukost under bordet eller at vi skal reise på teater. Vi har også ein juleby med mange fine hus, tog og ein tunnel som onkelen min har laga.