Noor Eckhoff
- 24 år frå Oslo
- Bur i Linköping i Sverige
- Midtbanespelar for Linköpings FC
- Profesjonell teikneserieskapar for avisa Aftenposen og teikneserieblada Pondus og Storefri
- Forfattar og illustratør av teikneserieboka «Noor blør for drakta»
– Interessa for teikneseriar har eg alltid hatt. Eg las mykje teikneseriar gjennom barndommen og ungdomsåra og begynte tidleg å teikne eigne teikneseriar, fortel Noor til Framtida junior.
Men det var for fire år sidan at teikneserieinteressa verkeleg skaut fart. Då begynte Noor å teikne situasjonane ho opplevde på fotballbanen og interessante menneske og karakterar ho møtte der.
Etter kvart blei Noor sine erfaringar som fotballproff til teikneseriestriper ho delte med følgjarane sine på Instagram.
Ein barndomsdraum
I starten var teikneserieskapinga berre ein hobby, men i 2023 blei hobbyen til ei teikneseriebok: «Noor blør for drakta».
– Eg håpar først og fremst at lesaren av boka kan få ein god latter. Det er morosamt om ein kan kjenne igjen karakterar og situasjonar frå fotballbanen.
Boka er både inspirert av Noor sine eigne opplevingar og historier ho har blitt fortalt av andre spelarar.
– Det er mykje eg har opplevd sjølv som eg overdriv for å få ei gøyal teikneseriestripe. Samtidig er det også mykje fantasi.
Humor
Humor er noko som alltid har vore viktig for Noor.
– Humor er i veldig mange tilfelle ein sunn og god måte å handtere ting på. Ved å sjå ting som skjer rundt seg med litt humor, kan ein få fleire positive opplevingar, meiner teikneserieskaparen.
Om Noor møter utfordringar i kvardagen sin som fotballspelar, har ho mykje fokus på korleis ho kan vinkle det kjipe om til noko humoristisk i teikneseriane sine.
– Det gjer at eg er meir positiv, seier Noor.
Teikneterapi
For Noor har det vore veldig lett å kombinere det å vere teikneserieskapar med å vere profesjonell fotballspelar.
– Fotballen er krevjande både fysisk og mentalt, men då har det å teikne teikneserie blitt ein veldig fin måte å ta pausar i kvardagen som fotballspelar, fortel Noor.
Teikneseriestripane Noor teiknar mellom treningar og kampar no om dagen, skal bli ei ny teikneseriebok som kjem hausten 2025.