130 hamsterar rømde på flytur

Eit passasjerfly frå TAP vart ståande på bakken i fem dagar etter at 130 hamsterar rømde i lasterommet. 

Hamsterane var saman med nokre ilderar og fuglar på veg frå den portugisiske hovudstaden Lisboa til ein dyrebutikk i Ponta Delgada på Asorane då dei rømde, skriv NRK. 

Hamsterane kom seg ut av bura sine under flyginga og personalet måtte fanga alle før flyet kunne brukast igjen. Det var veldig viktig sidan gnagarane likar å gnage på ting og kunne skada kablane.