Tysdag går mange millionar veljarar og stemmer på den presidentkandidaten dei likar best. Uansett om det er Kamala Harris eller Donald Trump som får mest stemmer, så er det ikkje det som avgjer presidentvalet i USA.
I USA stemmer veljarane på Harris eller Trump i den staten dei bur. I kvar stat handlar det om å få flest stemmer. Kvar stat har nokre valmenn som har lova å stemma på den presidentkandidaten som får flest stemmer i staten.
Den som blir president, er den som får fleirtalet av stemmene frå valmennene. Til saman er det 538 valmenn i USA som vel presidenten. Valet handlar om å få minst 270 valmenn.
Dei viktige vippestatane
Kvar stat har eit ulikt tal valmenn. California har flest, med 54 valmenn, medan District of Columbia og seks statar har færrast, med tre valmenn. Den som får flest stemmer i kvar stat vinn alle valmennene. Derfor er mange opptatt av vippestatane. Det er statane der det er usikkert kven som får flest stemmer.
Mellom seks og ti statar blir rekna som vippestatar dette valet. Presidentkampanjane har brukt aller mest pengar på Pennsylvania. Mange reknar denne staten som nøkkelen til å vinna valet.
Vann folket – men tapte Det kvite huset
Ved presidentval i 2016 fekk Hillary Clinton flest stemmer, men tapte likevel valet fordi Donald Trump vann flest valmenn. Fem gonger før har presidentkandidaten med flest stemmer i heile USA likevel har tapt valet.
Framtida Junior føljer Presidentvalet i USA. Følg med på Framtidajunior.no for å få med deg siste nytt!