Skrivekonkurranse: Skriv eit intervju eller eit lesarbrev!

Bli med på skrivekonkurransen til Grannar, Framtida Junior og Karmsund Mållag – og vinn fine premiar!

Vel éi av desse oppgåvene:

1. Skriv eit intervju med ein elev på skulen din som driv med ein kjekk fritidaktivitet, og ta bilde av aktiviteten. Sjå gjerne tips til spørsmål i spalta Min hobby.

2. Skriv eit lesarbrev om ei sak som du er opptatt av. Er det noko du synest er urettferdig eller har du eit forslag til noko ordføraren din eller statsministeren bør gjera noko med? Skriv meininga di! Her får du tips til å skriva lesarbrev! 

Konkurransereglar:

  • Format: Word-fil
  • Lengde: Maks 450 ord, men gjerne kortare
  • Premie: 1. plass: Abonnement på Framtida Junior og Framtida Junior-t-skjorte.
  • Alle som er med i skrivekonkurransen kan bli trekt ut som vinnarar av bokpremiar og Framtida Junior-t-skjorte.
  • Beste klasse vinn pizza til klassen i premie og klassesett med Framtida junior
  • Aldersgrense: For 5.-7.trinn frå skulekrinsane i Vindafjord og Etne
  • Innleveringsfrist: 10. desember
  • Målform: Nynorsk

Send inn til framtidajunior @ gmail.com eller få hjelp av læraren din til å gjera det!

OBS: Hugs å merka teksten med <NAMN>, <ALDER>, <SKULE> og <TELEFONNUMMER>.