Skummelt gode filmanbefalingar

Her får du tips til skumle og spennande filmar:

Monster high (2022)

Aldersgrense: 6 år (tillat for alle om ein ser med vaksne)

Sjanger: Familie, fantasy, komedie

Anbefaling frå: Julie Bertine Tvedt Westberg (10)

– Filmen handlar om ei jente som har mista mora si. Mora var eit monster og faren er eit menneske. Så jenta filmen handlar om er halvt monster. Jenta går i tillegg på ein skule som lever. Det blir ganske skummelt mot slutten, fortel Julie.

Murder mystery (2019)

Aldersgrense: 13 år (10 om ein ser med vaksne)

Sjanger: Komedie, krim, mystikk

Anbefaling frå: Ahanja Sangarathas (10)

– Eg vil anbefale ein film som heiter Murder mystery. Eg er usikker på kva han handlar om, sidan eg ikkje har sett han sjølv, men eg høyrde at han er veldig spennande. Eg fekk filmen anbefalt av vennane mine og har lyst til å sjå han, seier Ahanja.

Gremlins (1984)

Aldersgrense: 15 år (12 år om ein ser med vaksne)

Sjanger: Fantasy, skrekk, komedie

Anbefaling frå: Eirik Bøhn Iversen (11)

– Gremlins er ikkje veldig skummel i starten, men blir skumlare etter kvart. Han er morosam i tillegg. Filmen handlar om at eit dyr. Om dyret rører vatn, blir det meir av det og om det et etter midnatt så skjer det noko. Eg vil ikkje røpe for mykje, men det er ein veldig morosam og skummel film.

Coraline (2009)

Aldersgrense: 12 år (9 år om ein ser med vaksne)

Sjanger: Animasjon, familie, fantasy

Anbefaling frå: Marko Suznjevic (11)

– Filmen handlar om ei lita jente som vandrar mykje rundt åleine og plutseleg ein dag finn ho ei dør. Innanfor døra er det ei anna verd. Jenta går inn og døra lukkar seg bak ho. Vesena i denne verda har knappar for auge. Sjølv om filmen til tider er ganske skummel, er det ein fin slutt, seier Marko.