Ny studie gir håp for korallreva

Korallrev over heile verda er truga på grunn av forureining og klimaendringar. No kan ei ny studie vere ein del av løysinga på dette problemet.

Korallrev

Korallrev er grunne stader i havet som er bygd opp av skjelett frå koralldyr. Etter kvart som koralldyra veks, lagar dei kalkskal som dei fortset å vekse på. Kalskala blir til store skjelletformasjonar. Eit korallrev kan vere bygd opp av mange forskjellige koralldyr.

Kjelde: Vesle norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Berre i løpet av sommaren 2023 blei 60 prosent av verdas korallrev bleika.

Korallreva er nemleg avhengige av at algar bur på dei. For stor forureining i eit område og auka temperaturar i havet kan føre til at algar flyttar frå heimane sine.

Dette fører til at korallreva ikkje får nok mat og blir bleika.

Heimen til mange artar

Korallrev er heimen til mange artar i havet og korallbleiking fører til at desse artane får færre og færre plassar å bu.

Men no har forskinga Secore International vist at ein ny måte og dyrke korallar på fungerer godt.

Med det kan menneske bidra til å få mengda friske korallrev i havet til å gå opp att, og at fiskar og andre artar i havet får att heimstaden sin.

Sjølv om denne studien gir håp, seier forskarane at korallreva er heilt avhengige av at vi menneske kuttar klimagassutsleppa våre.

Les òg: Heile lokalsamfunn plantar korallar

Og les intervju med Elijah (10) som bur ved verdas nest største korallrev: Godt håp for verdas nest største korallrev

BELIZE: Elijah Eily er 10 år og bur i den vesle byen Placencia ved Det karibiske havet i Belize. Her er det varmt heile året. Foto: Jesper Klemedsson Sotomayor