Heile lokalsamfunn plantar korallar

Sidan 2013 har organisasjonen Fragments of Hope planta over 85.000 korallar i Laughing Bird Caye National Park i Belize.

89 prosent av overlevd etter 14 år, og korallar dekkjer no halvparten av sjøbotnen – mot berre 6 prosent i 2010.

Heile lokalsamfunn er med på å redda korallreva – og metoden dei brukar blir no brukt fleire andre stader, ifølgje BBC.

Korallrev på verdsarvliste

Korallreva utanfor Belize er rekna som verdsarv av FN-organisasjonen UNESCO.

I 2009 kom korallreva på ei liste av verdsarv i fare på grunn av oljeboring, øydelegging av mangroveskogar og fleire byggeprosjekt.

Etter dette har Belize stoppa all oljeboring og verna mangroveskogane, og korallreva er no fjerna frå lista over verdsarv i fare.