Derfor er insekt skumle

Nora, Ho Lam, Louis Sebastian og Ali og Inaya er samde om at småkryp er skumle.

Noko av det sjetteklassingane ved Linderud skule tykkjer er ekkelt og skummelt med småkryp, er at dei ofte har rare ting på seg og kravlar på golvet.

Nora og Inaya er aller mest redd bier, fordi dei kan stikke og dei lagar irriterande lyd. 

Ho Lam, Louis Sebastian og Ali er aller mest redd edderkoppar.

– Dei er skumle fordi dei har åtte føter, det er ekkelt om dei kryp på meg og eg er redd dei kan bite, seier Louis Sebastian.