Delfinar smiler når dei leiker med kvarandre

Forskarar meiner dei har funne ut grunnen til at delfinar smiler.

Ein ny studie har undersøkt korleis delfinar leiker, skriv TV2.

Forskarane såg at delfinane ofte opna munnen og «smilte» då dei leikte med kvarandre. Dei trur at smila hindrar at konfliktar og misforståingar skjer når delfinane leiker.

Forskarane såg ikkje noko smil då delfinane var sinte eller då dei slappa meir av.

via GIPHY