Rekordmåling for ozonlaget: – Eit positivt varsel

Ozonlaget over Arktis nådde eit overraskande nivå i mars 2024.

Ozonlaget

Ozonlaget er eit lag av gassen ozon (O3) som ligg i atmosfæren. Mesteparten ligg i stratosfæren, mellom 25 og 30 kilometer over bakken.

Ozonlaget absorberer UV-stråling frå sola, og beskyttar dermed jorda mot dei skadelege strålane. UV-strålane kan mellom anna føre til hudkreft.

Mengda ozon i atmosfæren varierer også med vêret og årstidene.

Kjelder: Store norske leksikon

LES FAKTALUKK FAKTA

Det kjem fram i ein artikkel frå Nasa og Universitetet i Leeds som vart publisert i september.

Ozonlaget blei skade på 80- og 90-talet, hovudsakleg på grunn av utslepp av klorfluorkarbongassar (KFK) frå mellom anna sprayboksar og kjøleskap. I 1987 kom Montrealprotokollen, som nærmast har stoppa opp utsleppa av KFK heilt

Men desse skadelege KFK-gassane har lang levetid i atmosfæren, og det tar difor lang tid før ozonlaget kan styrke seg igjen. Det er ikkje venta at ozonlaget skal vere tilbake på same nivå som i 1980, før rundt 2045.

Overraskinga var difor stor då forskarar oppdaga eit rekordhøgt nivå av ozon over Arktis i mars i år.

Det har ikkje vore målt tilsvarande nivå av ozon over Arktis sidan 70-talet.

Grafikk: Nasa

Positivt for det arktiske ozonlaget

– Denne rekordmålinga av ozon ville truleg ikkje ha skjedd om ikkje KFK-nivåa hadde byrja å minke som respons på Montrealprotokollen, skriv forskarane.

– Rekorden frå mars 2024 bør reknast som eit positivt varsel for framtida til det arktiske ozonlaget.

Det er vel å merke over Antarktis det største holet i ozonlaget formar seg.