Kven stikk av med sigeren i Melodi Grand Prix?

I kveld er det finale i Melodi Grand Prix 2018. Då finn vi ut kven som skal representere Noreg i den internasjonale finalen.

Vinnaren skal representere Noreg i Lisboa, i Portugal 12. mai.

Det er ti låtar som kjempar om vinnarbilletten. Dette er rekkefølga på laurdag:

(Går du inn på linken vil du bli sendt til nrk.no)

Sendinga går direkte på NRK1, kl 19.55.

 

Alexander Rybak i 2009, då han hadde vunne den internasjonale finalen. (Foto: Daniel Kruczynski / Wikipedia/ CC BY-SA 2.0)

Melodi Grand Prix er eit av dei lengstlevande programma her i Noreg. Fyrste gong Noreg sendte dette på TV var i 1960.

Noreg har vunne den internasjonale finalen tre gongar:

  • 1985: Bobbysocks – La det swinge
  • 1995: Secret Garden – Nocturne
  • 2009: Alexander Rybak – Fairytale