Ei av fem jenter i verda giftar seg før dei fyller 18 år. For ti år sidan var det ei av fire jenter gifta seg som barn.
I dag er det 27 prosent av jentene, cirka 1,5 millionar, som giftar seg før dei fyller 18 år i India. Det er ein kraftig nedgang frå 47 prosent for ti år siden, seier Javier Aguilar, leiar for barnevern hos Unicef, til TT.
Gode nyhende
Betre utdanning for jenter, og meir informasjon om kva skadar ekteskap i barndommen gir, har ført til denne nedgangen.
Ifølgje FN var problema aller størst i Afrika, og no viser rapporten at talet på barneekteskap har gått ned med ein tredjedel i Etiopia.